Språket er ein del av grunnstammen i Det Norske Teatret. Da teateret blei stifta av Hulda Garborg og Det Norske Spellaget i 1913 var landsmålet ein av grunnene til å starte teatret. Språket var og er ein essensiell del av kulturarven vår, som Det Norske Teatret heilt sidan den gongen har heldt høgt.
Men det norske språket, og dermed også nynorsken, er i stadig endring - ei endring det er spennande å følge med på. Og sjølv om Det Norske Teatret står trygt i det nynorske landskapet, et teatret også ein arena for norsk mål i alminnelegheit - eller "talt mål i bygd og by" som det heitte seg i 1913.
Derfor har også podcasten Språkoppdraget ei laus tilknyting til det nynorske, men tek opp i seg samtalar både kring scenespråk, dialektar, språkutvikling og språkrelaterte tema.
I podkastane som no ligg ute er varierer temaa vidt - frå korleis skodespelar Svein Tindberg lærer seg så mykje tekst, til ein inngåande prat med Språkrådets direktør Åse Wetås om koronaspråket og korleis Dylan-omsetjar Tom Roger Aadland grip engelske tekstar an for å finne den norske forma, og sist men ikkje minst, til ein julespesial med julebrevspesialisten Mette Elisabeth Nergård.
Her lytter du til denne podkasten: Språkoppdraget
Kommenter gjerne dette på vår: Facebook-side